Kulturopplevingar og sykkel  - For deg som ønskjer å kombinere sykkeltur med spanande kulturopplevingar.

Hyllestad – Fjaler - Askvoll

Kvernsteinsparken – Den Trondhjemske Postvei – Jakob Sande-tunet – Dalsfjordbrua – Ingolf Arnarson – Helle Fabrikker

Kjem du med ekspressbåten til Rysjedalsvika, anbefaler vi å sykle til Leirvik. Her kan du ete lunsj eller middag på Hotel Sognefjord rett ved fjordkanten. Følgjer du FV57 nordover til Dale, kan du delar av vegen sykle på den Trondhjemske Postvei, som vart bygd i 1801-06. Særmerkje for postvegen er dei mange karakteristiske steinbruene, som fortel om eit framifrå tørrmurarhandverk. Underlaget på postveien er av varierande kvalitet, skogsveg og grussti. Sjå fjordkysten.no for skildring av dei ulike trasèane.

Om du tek ein liten avstikker til Hyllestad like etter å ha passert Leirvik, så kan du vitje Kvernsteinsparken i Hyllestad, som er nominert til UNESCO si verdsarvliste. Her er det omvisingar og aktivitetar juni – august. Sjå kvernstein.no for opningstider.

I Dale kan du vitje Jakob Sande-tunet, og sjå kor den folkekjære diktaren vaks opp. Sjå jakobsande.no for informasjon om aktivitet og opningstider.

Frå Dale sykler du over den nye Dalsfjordbrua, og videre på den nye vegen på nordsida av Dalsfjorden, med panoramautsikt utover fjorden. I Rivedal kan du ta ein rast ved statuen av Ingolf Arnarson, som grunnla den første busetjinga på Island. I Holmedal anbefaler vi ein stopp ved fabrikkutsalet på Helle Fabrikker, som har laga sportsknivar og bestikk her i fjordkanten i over 80 år. Frå Holmedal rår vi til at du sykler gamlevegen langs fjorden videre til Askvoll. Vel framme i Askvoll bør du ikkje gå glipp av eit besøk hos Askvoll Sjømat & Delikatesser. Her finn du garantert noko fristande å kjøpe med deg, eller du kan ta lunsj på den koselege uteplassen. God mat får du også på Askvoll Sjøbuer Mat og Drikke.

Frå Askvoll går det ekspressbåt både nordover og sørover, samt ferje til Værlandet, Fure og Atløy.

Rysjedalsvika – Leirvik:                                      6,6 km

Leirvik – Hyllestad:                                             7,0 km

Leirvik – Dale:                                                     41,1 km

Dale – Holmedal:                                                14,3 km

Holmedal – Askvoll (langs fjorden):                    10,2 km

 

Kontakt

Adresse:
  • 6953 LEIRVIK I SOGN
Telefon:
57743000
E-post:
mail@fjordkysten.no
Nettside:

Fasiliteter

Sesong:
  • Vår
  • Sommer

Hvor er Kulturopplevingar og sykkel?