Namnet Dale kjem frå garden Dale, som ligg på strandsletta ved fjorden. Det er sannsynleg at garden har gitt namn både til bygda og fjorden. Tvers over fjorden frå Dale ligg Heileberget, som i eldre tider vart kalla Fjøla. Det er truleg dette som er opphavet til kommunenamnet Fjaler.

Steinalderfunn frå Dale viser at det må ha budd folk her i minst 6000 år. Fjaler (Fjalir) er i Snorre Sturlason sine kongesoger nemnt som eige fylke. Kor sentralt Dale har vore i dette fylket er uvisst, men sidan Dale har gitt namn til fjorden, må staden ha vore viktig tidleg.

Dale Kloggfabrikk

Dale Kloggfabrikk starta opp i 1899 og skoindustrien vart den største arbeidsplassen i Dalsfjorden med opptil 220 tilsette på det meste, fram til den vart nedlagt i 2011. I dag er det bedrifta Hansen Technologies (2) som fyller dei gamle industrilokala med utvikling og leveranse av programvareløysninger og tenester for energibransjen. I Dale har det også vore to tønnefabrikkar.

Ein stad med lange tradisjonar

Dale er ein skulestad med lange tradisjonar. I 1863 starta Nikka Vonen jenteskule på Steia (28). Ho dreiv skulen i 43 år, til han vart nedlagd i 1906. Sidan har det vore både bondehøgskule, pensjonatskule, realskule og gymnas. Den siste skulen i Dale, Dale vidaregåande skule, kom til i 1980. I 1995 vart verdsgymnaset United World College Red Cross Nordic etablert på Haugland ved Flekkefjorden. Her er det samla 200 elevar frå 90 ulike nasjonar, noko som set sitt preg på kommunen.

Kulturvandring i Dale

Vil du gjere deg meir kjend med bygningane og historia til bygda Dale, bør du skaffe deg heftet Kulturvandring i Dale (2014). Det er å få kjøpt 1. høgda på Fjalerhuset og i Jakob Sande-tunet.

Det er også ei eiga kulturvandringsløype i Jakob Sande sine fotspor gjennom Dale. Via mobilen din kan du lytte til og sjå videoar som omhandlar Jakob Sande sitt liv og dikting. www.kulturvandring.no

Kontakt

Adresse:
  • 6963 Dale i Sunnfjord
Telefon:
57 74 30 00
E-post:
mail@fjordkysten.no
Nettside:

Hvor er Kulturvandring i Dale?