Søreide er fødd i 1951, og har vore aktiv og laga bilete sidan han starta på lærarskulen i 1973.
Han har formingsutdanning, har gått fleire kurs og måla saman med kunstnaren Øivind Sand. Søreide har hatt mange utstillingar både privat og saman med andre kunstnarar.
I år er det 50 år sidan han deltok på si første utstilling.
Teknikkane han brukar spenner frå litografier til olje og akryl. Inspirasjonen finn Søreide i den flotte og varierte vestlandsnaturen vår. Det skiftande lyset og fargespelet i naturen gjev motivasjon til nye bilete. Uttrykket hans skiftar frå abstrakt til meir figurativt.
Det er for Ryvarden ei stor ære å få presentere Sigurd Søreide si utstilling i hans femtiende år som kunstnar. Vi gleder oss stort!
Galleriet opnar kl. 11.00 - utstillinga vert opna med ei markering kl. 13.00
Sigurd Søreide er til stades under opninga.

Kontakt

Adresse:
  • Ryvarden Kulturfyr - Mølstrevåg
  • 5550 Sveio
Telefon:
+4795195800
E-post:
gunn@sveio.kommune.no
Nettside:

Fasiliteter

Kafé:
Toalett:
Parkering:
Salgsutstilling:
Barnevennlig:

Hvor er Kunstnaren Sigurd Søreide frå Stord stiller ut på Ryvarden?