Vandring i Florø – Storevatnet – Brendøya – Kystmuseet – Sørstrand – Storeåsen – Litlevatnet

 

Start frå turistinformasjonen. Gå gjennom Strandgata til du kjem til dei to ankera som ligg i krysset Strandgata/Torggata. Der tek du til høgre og kryssar Markegata. Du går vidare opp forbi det gamle sjukehuset før du kjem til Storevatnet. Der går du ned stien til vatnet og følger stien heile sørsida austover langs vatnet.

Når du kjem til austenden av Storevatnet går du opp til Kleiva og  vidare ned igjen til Båtevika. Her går du langs vei. Til høgre i Båtevika går stien som fører til Kystmuseet, dette er gang og sykkelvei.

Gå over Prestholmen og rett etterpå kjem du til ei lengre bru. Her er det fint med fotostopp. Etter brua går du ut på Brendøya, der er det laga fin tursti og det er satt opp fleire informasjonsplakatar om kva du ser rundt deg. Om sommaren set Kystmuseet ut geiter og dei er svært selskapssjuke. Gå tilbake til hovedstien og gå vidare til Kystmuseet.

Kystmuseet har fylgjande åpningstid vinteren 2021 - 2022:

Tysdag - Fredag 10 - 15 Søndag 12 - 15

Utstillingane formidlar natur- og kulturhistorie frå kysten av Sogn og Fjordane. Her er ei stor båtsamling, gjenstandar frå bygd og by ved kysten, og ei utstilling om den moderne oljeverksemda. Blant dei lokale kulturminna finn ein klare spor etter kontakten med omverda, som kinesisk porselen, silkeputer og kakeboksar frå Quality Street.

Les meir om Kystmuseet

Gå vidare opp Brendøyveien til endes og ta av til venstre i Sørstrandvegen. Ta av neste veg til Austvikvegen. Her er det komme mange nye hus dei siste åra. Når du har gått forbi det siste huset på høgrehanda (det huset er forøvrig ikkje av ny årgang) tek du til høgre på ein sti som går over utmarka. Der kjem du etter 100 meter inn på stien som er laga til Sørstrand. Ta til venstre. Følg vegen til du kjem til eit kryss, ta på nytt til venstre og du er straks på Sørstrand. Gå heilt ut til ytterste holme. Her er fint å grille og det er mange benkar med bord. I 2021 vart det bygd kiosk med toalett. Her er det ope nokre timar kvar tysdag og søndag med salg av kaffi og vaflar. På fine sommardagar er det eit yrande folkeliv her.

På returen kan du velje om du vil gå langs sjøen eller veien. Då kjem du uansett tilbake til parkeringsplassen. Følg Sørstrandvegen tilbake til Kinnvegen. Gå til høgre på Kinnvegen og ta til venstre i Soldalvegen (ikkje overgang, sjå etter trafikk). Hald til venstre og etter 200 meter ta brått til høgre opp ein asfaltsti. Det er ganske bratt første biten men så slakkar det ut og du går på fin grusvei over åsen. Her er mange stiar på kryss og tvers så det er berre å prøve seg om du har lyst, men det kan vere lurt med gode sko. Det er fleire utkikspunkt viss du går ut på kanten av åsen. Fortset du langs grusveien byrjar du etterkvart på nedover og midt nedi bakken kan du gå opp på eit utkikspunkt der du har god utsikt utover øyane og Stabben fyr. Populær plass i solnedgangen.

Ved utkikspunktet er det bunkers frå andre verdenskrig og ein stor informasjonsplakat heng på utsida. Det er diverre ikkje råd å komme inn då det er lukka og låst. Men det går an å gå gjennom den eine bunkersen for den som tør.

Du kjem no ned at til byen, i første omgang går du forbi stadion. Du kan no velje om du vil gå langs Litlevatnet og bort til Kinnvegen, eller om du går opp til Hans Blomgata og går langs Litleåsen tilbake til byen.

Kontakt

Adresse:
  • 6900 Florø
Telefon:
577 43000
E-post:
mail@fjordkysten.no
Nettside:
www.fjordkysten.no

Hvor er Kystmuseet - Sørstrand - Storeåsen?