Langeland Ski og Fritidssenter ligg langs E39, 10 km frå Førde i retning Sande. Her er eit nett av preparerte skiløyper, og lysløype om kveldane. I bakgrunnen fjellpartiet Hestane i Gaular, Sunnfjord kommune. 

Løypeopplegget er: Lysløype på totalt 5,5 km, regelmessig preparerte løyper, oftast 2 gongar pr dag.  Turløype på i alt 20 km, via Fauskestølen og Gjøsetstølen. også denne regelmessig preparert, men ikkje så ofte som lysløypa. Informasjon om løypestatus og når løypene sist er køyrt er finne på skisenteret si nettside. 

Skisenteret har skihytte med toalett og kafè som er open i helgane i skisesongen. Vidare romsleg skistadion, leikebakke, og gapahuken «Skistølen». Skisenteret har 3,3 km rulleskiløype med gruslagt vegskulder for sykling.

Kontakt

Adresse:
  • 6975
  • Sunnfjord
Telefon:
+ 47 57 82 23 20
E-post:
kjetil.bjorset@ssf.no
Nettside:
langelandskisenter.no/

Hvor er Langeland Ski og Fritidssenter?