Det femte høgaste fossefallet i Norge

Langfoss er stemt fram som ein av verdens vakraste fossar av CNN Travel, og har eit fall på 612 meter. Langfoss er også det femte høgaste fossefallet i Norge!

Langfoss ligg midt i Åkrafjorden, og du kan sjå han frå vegen E134. Det er rasteplass og kiosk ved fossen. Her kan du stoppe opp for å sjå nærare på fossen og ta fine bilde. Du kan også gå trappene som fører deg ned til Åkrafjorden. Her kjem ein veldig nær fossen og kan føle på energien frå det høge fossefallet. På vegen ned opplever du i tillegg ein av dei flotte steinparkane i Etne.

Andre fasilitetar ved rasteplassen er toalett og kiosk med sal av enkel mat, lokalmat, drikke og suvernirar.

Her er og startpunkt for turen "Langfoss opp".

  • Facebook logo

Kontakt

Adresse:
  • 5590 Etne
Telefon:
+47 53 75 80 00
E-post:
post@etne.kommune.no
Nettside:
www.aakrafjorden.no

Hvor er Langfoss?

Fjord Norways sekundærlogo