Heilt ned i 6 år der du spelar på 3-ar fotball til 14 år og 9-ar fotball får du ein helg ved Sognefjorden med mykje latter og moro.

Det er satt opp busser til og frå Sogndal, Kaupanger og Hafslo som går i shuttel heile helga.

Kvart år i slutten av juni kjem 4-5000 ivrige fotballjenter og gutar til Sogndal på Lerum Cup! Gode gras-kunstgrasbaner, lang erfaring som arrangør og eit tett og oversiktleg arrangement, er nokre av grunnane til at mange lag kjem tilbake år etter år.Kampane vert spelt på Sogndal fotball sitt treningssenter på Hafslo, Fosshaugane Campus, Kaupanger og i Gaupne. Dette gir eit tett og oversiktleg arrangement der det gode og trygge turneringsmiljøet står i fokus. All transport til og frå banene og skulane brukt til overnatting er gratis og går etter eige rutesystem.Sogndal er, med sine knappe 7000 innbyggjarar og 2000 studentar, regionsenteret i Indre Sogn. Her finn du eit yrande folkeliv og eit godt utval i butikkar. Med Sognefjorden, brear, stavkyrkjer og andre turistmagnetar i nærleiken, finn du i Sogndal og Luster mange i overnattingsstader. Men ver tidleg ute, det er mange om beinet!Velkommen til Lerum Cup - folkefesten i Indre Sogn!

Kontakt

Adresse:
  • Trolladalen 30
  • 6856 Sogndal
Telefon:
E-post:
Nettside:
www.fotball.lerumcup.no/

Hvor er Lerum cup, Sogndal?

Fjord Norways sekundærlogo