Linda Fosse «FØLG DRAUMEN! KORTID, VISST IKKJE NO?» Konsertforestillinga om korleis du vågar å følgja din draum. Du kjenner at det er noko du enno ikkje har gjort. Ein klump eller ei murring i magen som ikkje vil forsvinna. Ein draum eller berre ein uklår idé som du har lyst til å realisera -men du har enno ikkje våga. Og tida går…. -fortare og fortare - og denne klumpen eller murringa slepp ikkje taket. Mitt namn er Linda Fosse og eg har heile livet gått med ein draum om å verta artist. Og med ein draum om å utgjera ein forskjell for andre Jaudå. Eg har vore artist. Men ikkje ein sånn artist som eg drøymde om. Motet har svikta medan setningar som: «Du skal ikkje tru at du er noko!» «Trur du verkeleg at du kan læra andre noko!» «Kva vil andre tru om deg?!» «NO DRIT DU DEG UT!» -har svirra i hovudet. Eg har stort sett halde meg til det trygge. Men murringa i magen har nekta å forsvinna. Draumen ville ut og bli røynd. Draumen der eg som artist, ifrå ei scena, inspirerar tusenvis av mennesker til å våga gje etter for denne murringa i magen. Draumen der eg hjelper dei til å lukkast med sin draum. Artisten som formidlar vågemot og kunnskap sånn at du vågar å bruka ditt eige talent og gjera det du brenn for. Den artisten ville eg vera. Skulle eg verkeleg forlata dette livet med denne uforløyste draumen framleis i meg? NEI! Eg kjente det i magen. Nei! Det skal du ikkje. No får det brista eller bera! «KORTID, VISST IKKJE NO?» EG LEIGDE GRIEGHALLEN! Kva som gjorde at eg tilslutt våga, kva utfordringar eg møtte på og kva som skjedde når eg våga får du svar på denne kvelden. Konsertforestillinga er ei reisa gjennom frykt og skam til gjennomføringskraft, vekst og oppgjer med eigne demonar. Ei kraftfull konsertforestilling der mitt mål for kvelden er at du skal kunna gå ut igjen, ikkje berre inspirert, men med ei oppskrift på korleis du og kan våga følgja din eigen draum, visst du vil. Hjarteleg velkomen til ein kveld som kan endra livet ditt. KORT OM LINDA FOSSE Linda har i meir enn 20 år reist Noreg på kryss og tvers som frilans songar og skodespelar. Ho er også utdanna inspirerande coach og har sidan 2002 studert kva som får oss til å handla som me gjer og kva vi kan gjera for å endre oss. Ho har ei tydeleg formidlingsevne og brukar både tekstar, song og lyrikk for å få fram sitt bodskap. Hennar varme, klåre røyst og sceniske utstråling er Linda sine varemerker. Meir om #inspirasjonsartisten Linda finn du på www.lindafosse.no GJESTAR PÅ SCENA I GRIEGHALLEN: «Lothepus» - Mannen som ikkje er redd for kva andre syns Elin Knag - Kvinna som våga satsa vinna VM i svømming for kvinner over 60 år Ingrid-Merethe Berget - Podcast-produsenten som vågar der andre trur dei ikkje kan Cecilia - Internasjonal songartist som satsa alt og reiste til USA for å leva artist-draumen MUSIKARAR Frode Skag Storheim - Piano Morten Færestrand - Gitarist Peter Sæverud - Bass Stian Villanger - Trommer OSTERØYKORET - Under leiing av Jon Flydal Blichfeldt REGI: Kate Elin Samuelsen Arrangør: Linda Fosse / Kunst og Kultur AS Varighet 2 t inkl. pause Arrangør Linda Fosse ARRANGEMENTET er flyttet fra 01.05.2020 til 15.01 2021 og på nytt til 29.01.2022 Kjøpte iblletter gjelder til ny dato. Refusjon av billetter kan gjøres innen 15.03.2021

Tider

Fra 17. juni til 17. juni

Ukedager:
Stengt
Lørdag:
19:00
Søndag:
Stengt

Kontakt

Adresse:
  • Edvard Griegs Plass 1
  • 5015 Bergen
Telefon:
E-post:
Nettside:

Hvor er Linda Fosse "Følg draumen! Kortid, visst ikkje no?»?