Riddarar fanst det slike i Noreg? Var det ikkje berre på Frankrike og Englands grøne enger mellom veldige gamle eiketre at dei edle menn kjempa til hest, væpna med rustning og lanse, om fagre møyars gunst? Kanskje er det vanskeleg å sjå for seg at riddarturneringar gjekk av stabelen på forblåsne svaberg i Solund. Men riddarar fanst her. Ein av dei skal vi møte i Losnaspelet - Herr Eindride til Losna.
Losnaspelet tek utgangspunkt i historiske hendingar på slutten av 13-hundretalet. Hendingane er bygd opp rundt Herr Eindride Erlendsson og ætta han høyrde til – Losnaætta. Herr Eindride var riddar og riksråd, fehirde og styresmann på Akershus og Tunsberghus. Han var med på kongekroninga i Kalmar i 1397 og var dronning Margrete sin store støttespelar. Sogespelet ”Herr Eindride til Losna” av Rolf Losnegård er den sentrale delen i Losnaspelet. Sogespelet vart fyrste gong framført i 1998.