Trollbilane har avgang frå haldeplassen like ved souvenirbutikken i Briksdal. Den 2,5
km lange vegen slyngjer seg i vakker natur opp langs fossar og stryk i Briksdalen.

Frå endestasjonen på Kleivane og inn til vatnet ved Briksdalsbreen er det ca. 500 meter å gå. Stien er brei og fin og her vandrer du gjennom urørt natur i Jostedalsbreen Nasjonalpark. Det er bygd rampe ved start i Briksdal og ved endestasjonen på Kleivane, så det er lett og kome seg opp i og ut av bilane.

Ein rundtur med Trollbilen tek ca. 1,5 time, med stans på toppen. Det er viktig å bestille i god tid, då denne turen er svært populær.

KAPASITET
Maks kapasitet pr. bil er 7 personar.
Maks kapasitet pr. avgang er totalt 105 personar.

SESONG
Sesong fra mai – oktober.
I skuldersesongen (mai og oktober månad) MÅ turane tingast på førehand. Du finn rutetider på www.briksdal.no/breskyss

KORLEIS KOME TIL BRIKSDAL?
Frå Stryn eller Olden kai kan du ta Brebussen (rute 751) inn til Briksdalen. Her i frå tek Trollbilane deg vidar inn mot Briksdalsbreen.
Du finn rutetidene til Brebussen på www.kringom.no

Kilde: Nordfjord

Kontakt

Adresse:
  • Oldedalsvegen 2211
  • 6792
  • Briksdalsbre
Telefon:
+47 57876805
E-post:
rogeir@briksdal.no
Nettside:

Hvor er Med Trollbil til Briksdalsbreen | Oldedalen Skyss?