Bestill

Vi lagar til salen med småbord og med storstilt pynting i retteleg MGP-ånd! Radarparet Leidulf og Paul Ivar er programvertar, og stiller sjølvsagt i sine flottaste Melodi Grand Prix-antrekk:)

Her kan du forvente høg stemning, uhøgtidlege konkurransar, mange MGP-slagarar, dansing mellom borda, og glitter & glam frå topp til tå. På med falske augevipper, på med fargerike glamourantrekk, og leit fram dei alt for høghæla skoa som du har ruga på i årevis som du aldri har hatt god nok grunn til å bruke!

Vi opnar dørene og baren kl. 19.00.
Overføringa av finalen på storskjerm startar kl. 21.00
Når finalen er ferdig fortset vi festen på dansegolvet!

Arrangementet er GRATIS! Men alle må "kjøpe" billett for å kome inn.
Aldergrense: 18 år.
"Kjøp" billett i god tid! Kun 200 plassar.

Kontakt

Adresse:
  • Øyna 1
  • 6201 Stranda
Telefon:
+47 415 46 200
E-post:
post@storkultur.no
Nettside:

Hvor er Melodi Grand Prix Finale // Stranda bygdepride // Storfjord kulturhus?