Bli med på ein av dei vakraste og mest spektakulære bussturane i Noreg. Ei oppleving du seint vil gløyme! Turen går frå mai til september - men ikke alle dager. For oppdateringar på tider gå inn på www.geirangerfjord.no og book online. Denne delen av "The Golden Route" vil ta deg med på ein tur frå Geiranger sentrum, oppgjennom bygda til eit av verdas mest fotograferte utsiktspunkt; Flydalsjuvet. Derifrå går turen vidare til SKYWALK Dalsnibba (1500 m.o.h.) . Der kan du nyte utsikta over fjellheimen og Geirangerfjorden. Flydalsjuvet: Eit av Noregs, om ikkje verdas, mest fotograferte utsiktspunkt. Frå toppen av det 80 meter djupe juvet kan du nyte utsikta av Geirangerfjorden og cruiseskipa. Dalsnibba: Ein av Noregs mest lett tilgjengeleg fjelltopp som kan gjerast med bil. Dette er ei oppleving på grunn av den fantastisk flotte utsikta med 360 grader oversikt over fjellheimen og med Geirangerfjorden i botn. Bussturen til toppen tek 45 minutt og her får ein ei oppleving av den mangfaldige naturen med rik flora og fauna, geologiske aspekt, krystallklart vatn og fossar, isbrear og fjelltoppar. Opplev eit av høgdepunkta under ditt opphald i Geiranger saman med oss!
Fjord og kyst
Mountain Highlight Buss Skywalk Dalsnibba
2t 15min busstur. Klatrer 1500 meter på 21 km til den spektakulære fjellet Dalsnibba med utsikt over geirangerfjorden
Geiranger
Priser
- Fra:
- NOK 200
Kontakt
- Adresse:
- Geiranger Fjordservice AS
- 6216 GEIRANGER
- Telefon:
- +47 70 26 30 07
- E-post:
- booking@geirangerfjord.no
- Nettside:
- www.geirangerfjord.no