Bestill

På denne tredje søndagen i advent ynskjer Volve Vokal å invitere til ein stemningsfull adventskonsert i flotte Fensal på Bergen internasjonale kultursenter. På programmet står både vakre jolesalmar og folketonar, kjente og kjære jolesongar i ny drakt og musikalske skattar frå det internasjonale jolerepertoaret. For eit år sidan slapp Volve Vokal si eigen joleplate, og ein liten smakebit herifrå kan også høyrast på årets konsert.

Denne gongen presenterar vi to konsertar med litt ulik profil: Kl. 16:00 blir det ein konsert som er særleg tilpassa dei minste, og vi vil gjerne invitere alle barnefamiliar spesielt til denne konserten. Kl. 19:00 blir det ein tradisjonell Volve-konsert i kjent Volve-stil.

Dirigent: Thea Meidell Sjule Regi: Hild C. Vang Hjarteleg velkomen til eit musikalsk pusterom midt i førjulsstria!

*Barn under 2 år har gratis inngang.

Tider

Fra 11. desember til 11. desember

Ukedager:
Stengt
Lørdag:
Stengt
Søndag:
16:00–16:45

Kontakt

Adresse:
  • Kong Oscars gate 15
  • 5017 Bergen
Telefon:
E-post:
Nettside:
www.facebook.com/events/450848233784138/453136956888599/

Hvor er Natti vert til dag - Volve Vokal?

Fjord Norways sekundærlogo