Finn roen mens du vandrar i uberørt natur over fargerike konglomeratberg, langs stille vatn og lune vikar til lyden av bruset frå storhavet i vest. Undervegs kan du nyte fantastisk panoramautsikt i alle retningar; ein kan sjå dei karakteristiske seglingsmerka Alden og Kinnaklova i nord, Noregs vestlegaste fyr Utvær i vest, og ikkje minst – det endelause storhavet. Er ein heldig, kan du få eit glimt av både hjort, oter, mink og røyskatt som alle lever i området. Ein bør også hugse å løfte blikket – havørn på jakt etter bytte er ikkje eit uvanleg syn. Du kan gå frå Ytrøygrend i nord, mot Hjønnevåg og vidare til Straumen i sør. Løypa er merka. Turen frå Ytrøy mot Hjønnevåg tek ca 3 timar i moderat tempo, og turen er variert i småkupert terreng. Dette er den gamle vandringsvegen mellom grendene når havet ikkje var farbart med båt på grunn av uvær. Mange stadar på turen får du eit flott utsyn over Straumsfjorden og storhavet i vest. Siste delen av turen til Hjønnevåg går langs bilvegen. I Søre-Hjønnevåg går turen atter inn i utmarka og i relativt flatt terreng tek det ein time til kyrkja i Straumen. Dersom du vil ta ein avstikker til Sperrefjellet rett sør for Ytrøy er det mogeleg på denne turen. Då får du endå betre utsikt vestover. Løypa kan sjølvsagt gåast i motsett retning alt etter kva som passer best. Her som overalt elles i Solund fins det namn på det meste langs løypa: Janvatnet, pistefjellmyra, kroktjørna , britesteinen og så vidare. Ofte gjeve namn etter spesielle hendingar, utsjånad eller liknande. Spesielt utstyr: Det vert anbefalt at ein har gode tursko som tålar vatn, då delar av løypa går gjennom vått terreng. Ta også med niste, og ekstra regntøy. Korleis komme seg til oppmøtestaden: Ekspressbåt: Solund er lett tilgjengeleg med ekspressbåt frå Bergen og Nordfjord, med Krakhella som stoppestad. Kjem ein frå Bergen kan ein også reise via Mjømna i Gulen, som har korrespondanse vidare til Nåra i Ytre Solund. Med bil: Frå Bergen: Følg E39 nordover over Nordhordalandsbrua til du kjem til Instefjord. Her tek du av til venstre mot Rutledal. I Rutledal går det bilferje til Krakhella i Solund. Sjå http://www.fjord1.no/ for rutetider. Frå Ålesund-Førde: Følg E39 sørover til Lavik ved Sognefjorden. Der køyrer du vidare ut langs fjorden til Rysjedalsvika. Der går ferja via Rutledal til Krakhella. Sjå http://www.fjord1.no/ for rutetider. For å komme til Ytre Sula frå andre delar i kommunen kan ein ta ein kort ferjetur frå Daløy til Haldorsneset (ca 4 km frå Ytrøy), eller skyssbåt frå Hardbakke til Ytrøy.

Kontakt

Adresse:
  • 6927 Ytrøygrend
Telefon:
57 78 62 00
E-post:
post@solund.info
Nettside:
www.solundaktiv.com

Hvor er Nordsjøløype Ytre Solund?