Bestill

Etter to år utan å kunna stella til fest, har Suldal mållag igjen den gleda å by inn til nyttårsfest på Kulturhuset. Dagen du må halda av er laurdag 28. januar. Det skal bli kjekk og variert underhaldning denne gongen og, trur me.
Me har vore heldige og fått Roy Høibo som kåsør, og han har valt « Totning i nynorskland» som tema.
Som vanleg blir det innslag frå dei fleste grendene i kommunen, både revyinnslag, song og musikk - og litt anna. Sjølvsagt skal me og syngja litt i lag.
Etter programmet spelar Belg og Boge opp til dans i allrommet for dei som har lyst til å svinga seg. Er du ikkje noka danseløve, kan du setja deg og ta ein hyggeleg prat med gamle(og nye) kjenningar i foajeen.
Brunsj serverer varmrett, og du kan velja om du vil kjøpa billett der maten er inkludert eller ikkje. Du får billettar på Kulturhuset.
Dette kjem til å bli ein flott kveld, så det er bare å begynna å gle seg!

Kontakt

Adresse:
  • Løhaugen 1
  • 4230 Sand
Telefon:
E-post:
Nettside:

Hvor er Nyttårsfest mållaget på Sand?

Fjord Norways sekundærlogo