Rogaland Fylkeskommune er byggherre og har ansvaret for den offisielle opninga av den 270 meter lange Helgøybrua. Opninga kjem til å bli eit høgdepunkt for både fastbuande, gjestar og tilreisande. Ver på Fister (!) i god tid for å få med deg opninga.
Les meir under Logistikk og Transport.

Me varmar opp med musikk, prat og god stemning på Mosnes frå kl. 10.30. Klokka 12.00 skjer følgjande:

Tale ved leiar av Veg og forvalting, Samferdselsavdelinga i Rogaland fylkeskommune, Astrid Eide
Tale ved fungerande ordførar i Hjelmeland kommune, Anita Husøy Riskedal
Kulturelt innslag
Opning og snorklipping ved fylkesordførar Marianne Chesak
Nasjonalsongen
Første køyretøy over brua
Barneløp startar
Enkel servering til publikum

Brua er open for mjuke trafikantar – velkomen til Helgøy

Kontakt

Adresse:
  • Helgøy i Ryfylke
  • 4167
Telefon:
E-post:
Nettside:
helgoyfest.no/program/offisiell-opning

Hvor er Offisiell opning av brua til Helgøy?