Bestill

Denne gongen kjem Ola Bremnes med solid musikalsk støtte i Tore Bruvoll (gitar) og Ole Jørn Myklebust (trompet).
Ola Bremnes er frå Svolvær i Lofoten og er ein allsidig kunstnar med mange songar på innerlomma. I tillegg skriv han bøker både for barn og vaksne.
Mi pia, guten din sette i si tid rekord med 95 veker på Norsktoppen. Songen Har du fyr, vart ein klassikar etter at gruppa Hekla Stålstrenger kom med versjonen sin av songen for nokre år sidan.

Ola har levert tekstar og melodiar til mange andre artistar. Nyleg skreiv han teksten til songen «Her igjen» med Dina Misund. Saman med søskena Kari og Lars, laga han albumet «Soløye». Det vart Spellemannpris og konsertar over heile kongeriket.

Trioen samarbeider med ujamne mellomrom og opptrer i Operaen 2023 med konsertproduksjonen «Eternitt». Songane til Ola spenner frå alvor til lun humor. I 2020 kom albumet «Trur på januar» der fleire av tekstane handlar om vendepunkt i livet. No jobbar han med albumet Hjemsøkt,- ei samling rå og sterke historiar nordfrå. Publikum kan nok venta seg ein smakebit eller to....

Tore Bruvoll er best kjent som gitarist i gruppa Hekla Stålstrenga. Han gjer kvar konsert til noko ekstra med sitt glitrande, virtuose og sofistikerte spel og har ei unik forståing av kva ein song treng for å få eit ekstra løft. Tore og Ola har hatt eit duo-samarbeid gåande i mange år, til stor glede for både anmeldarar og kritikarar. (Liker du saftig og sugande blus innimellom, er det berre å gle seg!)

Då Ola var liten, drøymde han om å bli trompetist. Det vart det ikkje noko av. Men draumar kan gå i oppfyllelse på ulikt vis: På denne konserten deltar den svært dyktige og rutinerte trompeteren Ole Jørn Myklebust frå Eidsdal som fleire vil dra kjensel på frå konsertar med Mari Boine og Jonas Fjeld. Tilfeldighetene ville at Ole Jørn, Ola og Tore skulle musisere saman akkurat no med trompet, song og gitarar.

Dette er noko ingen burde gå glipp av. Vel møtt, og vel så det!

Kontakt

Adresse:
  • Postboks 97
  • 6099 Fosnavåg
Telefon:
+4792042074
E-post:
bjorn@fosnavagkonserthus.no
Nettside:

Hvor er Ola Bremnes // Fosnavåg?