Ole tok seg til finalen i Stjernekamp i 2018 og drog deretter ut på ein omfattande turnè gjennom 2019 der det vart rulla høge terningkast både i inn- og utland. Han også innom Fosnavåg 23. mars som er ganske nøyaktig 3 år sidan. No er han klar med det femte albumet sitt – Soul Letters.
Vi lever i ei tid der den sjelfulle, funky musikken frå svunne tiårs westcoastpop (tenk Steely Dan, Michael McDonald og Doobie Brothers) har fått ein veldig renessanse blant hipstarar og andre trendbevisste unge musikkfans, i ei ironisk innpakning under banneret «yacht rock». Men pussig nok ser få av desse ut til å ha registrert at ein av dei fremste utøvarane i verda av denne musikkforma i samtida, er norsk. Kanskje er det fordi ironi er eit fullstendig framandt omgrep om ein skal beskrive musikken til Ole Børud. Og gudskjelov for det!