Bestill

Norgesvenn er eit begrep med både heldige og uheldige assosiasjonar. Men i tilfellet Oscar Danielson kan ein trygt slå fast at den sympatiske svensken er ein av dei aller beste vennene vi har!

Oscar Danielson er sin eigen sjanger, og av mange sett på som Sveriges beste tekstforfattar. Etter albumet «Stockholm i mitt hjärta» (2011) med låta «Besvärjelse» har han fått eit stadig større publikum, og turnert flittig i heile Skandinavia.

I november 2014 varma han opp for Bjørn Eidsvåg i eit fullsett Oslo Spektrum, og det er langt mellom dei gangane 9000 menneske er så luttar øre som då. Kort tid etter opptredde han på NRKs «Lindmo», og igjen både begeistra og fascinerte Danielsons låtunivers det norske folket.

No kjem den Stockholm-fødte 49-åringen tilbake til oss med eit show som framkallar latter så vel som tårer. Temaet er – sjølvsagt – kvinner. Det er songar om kjærleik, fulle av alvor og djupt menneskelege observasjonar, krydra med humoren som er Oscars kjenneteikn.
Eva Weel Skram har gjort ein versjon av Oscars låt "Besvärjelse" med Norsk tekst ,"Vi Lover».

Priser

Fra:
NOK 300

Kontakt

Adresse:
  • Parkgata 3B, Ålesund
  • 6003
Telefon:
E-post:
Nettside:

Hvor er Oscar Danielson i Ålesund?