Bestill

Bli med på ei oppleving du ikkje dreg tomhendt frå. På denne turen vil du få kunnskap om korleis ein kan plukke dei flottaste edelsteinane på peridotplassen. I tillegg får du besøke den mest komplette olivinsamlinga i verda på Norsk olivinsenter. Få den djupaste historia om geologien og mytane. Kvifor er peridot fødselsstein for august? Vi lovar ei spennande og lærerik dag. Program:  10.00 Oppmøte Norsk olivinsenter Thue skule. Omvising/informasjon Norsk olivinsenter 11.30 Avreise til peridotplassen, Sunndalen 12.00 Lett utelunch med drikke på Peridotplassen 12.30 Leiting etter den finaste peridoten! Du får med ein ekspert / geolog som fortløpande vurdere funna dine og hjelpe deg å leite etter dei ekstra fine, som ein kanskje kan få fasettslipt? Berre 2 turar vert satt opp i løpet av 2020 sesongen. Sikre deg plass i dag!

Priser

Fra:
NOK 400

Kontakt

Adresse:
  • Norsk Olivinsenter
  • 6146 ÅHEIM
Telefon:
+47 916 43 119
E-post:
rekjer@gmail.com
Nettside:
www.booking.rundecentre.no

Grønne sertifiseringer

Peridot - dronninga sin edelstein har fått sertifisering for sin miljøinnsats fra:
  • MiljøfyrtårnMiljøfyrtårn
Miljøsertifisering i privat og offentlig virksomhet, inkludert turisme.

Hvor er Peridot - dronninga sin edelstein?