Bestill

Bli med på eit magisk kystcruise frå Florø til to av våre mest populære historiske reisemål; "Sunnfjords Perle" Svanøy og sagaøya Kinn. Kinn med ei av dei eldste steinkyrkjene i landet, Kinnakyrkja, og Svanøy med si vikinghistorie og herskaplege Svanøy Hovegård, er begge nøkkelstadar i Kystpilegrimsleia. På denne guida dagsturen får du oppleve ei saga frå viking til pilegrim, vakker natur og levedyktige øysamfunn i den unike skjergarden kring Florø lengst vest i Noreg. 

Denne guida turen startar frå Fugleskjærskaia i Florø med M/S Skorpefjord, og går først til Svanøybukt på Svanøy, den sørlegaste og frodigaste øya i Kinn kommune. Her er det planter og trær ein vanlegvis ikkje finn på Vestlandet, for eksempel kristtorn. Svanøybukt er ein møtestad for både lokale innbyggjarar og feriegjestar, og her ligg også Svanøy Handel og Svanøy Kro. 

Historiske Svanøy Hovedgård har gjennom tida vore adelssete og bispegods. Nikolai Astrup og Grunnloven frå 1814 kan vi også knytte til øya. Det er ein idyllisk liten spasertur langs asfaltert veg, ca. 10 minutts vandring frå Svanøybukt.

På Svanøy Hovedgård får du omvising og eit innblikk i den fasinerande historia til denne herskaplege staden, i dag nytta som sommarhotell og til arrangement.   

Svanøy si historie er mangfaldig og går langt tilbake. Her finn du mellom anna ein steinkross reist til ære for Olav den Heilage, og ein offerplass frå vikingtida; Eirik Blodøks vart født på øya! Men Svanøy er også eit levande næringssamfunn mellom anna med produksjon av røykelaks, hjortesenter og eit aktiv kulturmiljø.

Etter omvisinga spaserer vi tilbake til båten og turen går vidare i vakker skjergard med kneisande øyer, sauer, folk, fugl og fisk!

Under den rike sildetida på 1950-talet var 10 - 15.000 sildefiskarar «hybelbuarar» her lengst vest i Noreg, like ved den sagnomsuste øya Kinn. Etter at vi stig i land på Kinn følgjer vi grusvegen om lag 1 km til Kinnakyrkja. Den vakre steinkyrkja frå 1150 ligg på nordvest-sida av øya. Her kan du gå inn i kyrkja og kjenne på den heilt spesielle stemninga, og guiden gir deg eit innblikk i historia. Like ved kyrkja ligg den karakteristiske fjellformasjonen og det eldgamle seglingsmerket, Kinnaklova.

Kinnakyrkja har vore knytt til legenda om St. Sunniva av Selja. Ein av båtane i Sunniva sitt følgje, med prinsesse Borni om bord, dreiv i land på Kinn. Kinnaspelet er eit historisk spel som vert framført i juni kvart år ved Kinnakyrkja. Med bakgrunn i legenda om St. Sunniva og reformasjonstida, og spektakulær natur og kulturlandskap som kulissar, er dette teateret ved havet ei oppleving du sjelden finn maken til. Kinn er rett og slett ei mektig oppleving.

Etter omvisinga går vi tilbake til båten ved Kinn kai, og seglar mellom øyar og skjer og forbi kjente landemerke som Batalden og Stabben fyr før vi legg til i Florø hamn.

TIPS! Kombiner turen med omvising og ølsmaking på Vesle Kinn i Strandgata. Vesle Kinn er Kinn Bryggeri sin ølkafè og testbryggeri. Onsdagar kl. 17.00 og laurdagar kl. 17.30. Billettar kan kjøpast på fjordkysten.no eller ticketco.

Praktisk informasjon Dette er ein guida tur, og guiden er både omvisar og turleiar. Dette er ein tur som går frå Fugleskjærskaia i Florø. Turen krev at du kan gå sjølv utan bruk av hjelpemiddel, då det er eit strekke å gå på asfaltert veg til Svanøy Hovedgard, og på grusveg frå Kinn kai til Kinnakyrkja. Det er ikkje mogleg å hoppe på turen andre stadar undervegs.

Mat

Det er kiosk med sal av mat og drikke om bord i båten Skorpefjord. Høve til å kjøpe lunsj med lokalmat på Svanøy. Må tingast på forhånd på fjordkysten.no. Høve til å kjøpe flasker med vatn, brus, kaffi, kjeks og sjokolade ved Kinnakyrkja.

Klede Kle deg etter vèrforholda og ha med gode vindtette og vasstette turklær og gode sko.

Servicefasilitetar Det er toalett om bord i båten Skorpefjord, samt ved Svanøy Handel, Svanøy Hovedgård og Kinnakyrkja.

Billettar og prisar For garantert plass kjøp på www.fjordkysten.no og www.skyssbat.no. Kan også kjøpast på kai/båt før avgang og hos Turistinformasjonen i Strandgata 30.

Smittevern på turen I Florø Skyssbåt er vi opptekne av at alle som reiser med oss skal føle seg trygge på tur. Vi har innført omfattande tiltak for å hindre smittespreiing og følger til ei kvar tid dei oppdaterte smittevernsråda frå Folkehelseinstituttet.

Fra NOK 0,00

Kontakt

Adresse:
  • Fugleskjærkaia
  • 6900
  • Kinn
Telefon:
57 74 30 00
E-post:
mail@fjordkysten.no
Nettside:

Hvor er Pilegrimscruise til Svanøy og Kinn?