Poesifestivalen utmerkar seg ved å setja lyrikken i sentrum med Olav H. Hauge si dikting som utgangspunkt.  Festivalen byd på eit lyrisk mangfald og tek pulsen på samtidspoesien. I tillegg til profilerte norske og nordiske poetar gjestar også kjende og kjære songlyrikarar festivalen. 

Årets festivaltema er fri. Poesien er fri og kan bryta grenser. Sjølve ordet poesi er knytt til det å skapa noko nytt. Kva er det då som kjem til, og kva er drivkrafta i det poetiske?  

Gjennom poesien kan poeten uttrykka eigne livserfaringar og identitet, og bryta seg fri frå konvensjonar og maktspråk. Kva for fridom gjev dette poesien? I dagboka skreiv Olav H. Hauge:   – Kor ofte ser ein ikkje at ordi snur seg som krystallar, og gjev brått ei uventa ny meining! 

Denne helga i september tek Poesifestivalen heile bygda i bruk. I det tradisjonsrike ungdomshuset Elvatun finn du konsertar, Hauge-samtalen og festivalkro med lokale smakar på fat og i glas. Diktopplesing kan opplevast mellom epletre og sidergardar på landets einaste Frukt- og siderrute. I Haugesenteret finn du utstilling om Hauges liv og verk, lyrikk i mange former og museumsbutikk. Festivalen har òg arrangement i Hauge sin hage i tunet på Rossvoll.  

Ulvik herad er med i det internasjonale Cittaslow-nettverket og legg vekt på miljø, berekraft, lokale tradisjonar, innovasjon og gjestfridom. Under festivalen vil du møta engasjerte og gjestmilde frivillige på dei mange arenaene våre.  

Ver velkomne til ein innhaldsrik festival i Cittaslow-bygda Ulvik!  

Inviterte poetar til årets festival

Meir om Poesifestivalen

Kontakt

Adresse:
  • 5730 Ulvik
Telefon:
E-post:
Nettside:

Hvor er Poesifestivalen 9. - 11. september 2022 - Ulvik?