Bestill

Hardangerrådet, Samarbeidsrådet for Sunnhordland og stiftinga Framtidshavet inviterer frivillige lag og organisasjonar, grendalag og frivillige generelt til å bli med å rydde Hardangerfjorden fri for plast under Strandryddeuken i september.

På fem år ønskjer vi å få ein reinare fjord, og treng all den hjelp vi kan få. Det blir streama fleire inspirasjonsarrangement 14. september. Blir du med som registrert frivillig vil du og ha gratis inngang på konserten Fjorden Aid 16. september i Rosendal. Sjå elles program nederst.
Ryddeaksjonen er framleis under planlegging, men du kan allereie no gå inn og registrere din ryddeaksjon på Ryddenorge.no!
Alle frivillige som er med, eller tar initiativ til ein ryddeaksjon, må registrere sin aksjon der. Bakgrunnen for dette er at vi treng å planlegge henting av boss, vi samlar inn informasjon om mengde o.l., og forskar på ulike ting knytt til plast i fjorden. Dei ulike initiativene legg inn Rein Hardangerfjord/Framtidshavet som namn på område og organisasjon i Rydde.

Registrer din eigen eller laget ditt sin ryddeaksjon!

Her finner du ein oversikt over korleis du går fram på Ryddenorge.no og appen: https://www.marfo.no/artikkel/slik-bruker-du-rydde/

Når du registrerer aksjonen din skal du knytte Rein Hardangerfjord til aksjonen din under punkt 5 – Informasjon.

Kontakt

Adresse:
  • Hardangerfjorden
Telefon:
0047 954 28 73
E-post:
lennart@framtidshavet.no
Nettside:
www.reinhardangerfjord.no/

Hvor er Rein Hardangerfjord?