Bo Vilhelm Olson bur hos fosterforeldre som meiner det var ei ulykke å få han i hus. Ein dag han sit åleine på ein benk skjer det noko merkeleg. Han blir ført til i Landet i det Fjerne. Der ventar faren hans Kongen, som har lengta etter han sidan han vart fødd.
Denne vakre framsyninga i Hilde Brinchmanns regi vart kåra til "Årets beste barneframsyning", Heddaprisen 2019. Med Riksteatret får barn og vaksne over heile landet oppleva teatereventyret der dei sjølv bur.
Aldersgrense: 6 år. Avgrensa tal plassar, så vêr tidleg ute med å sikra deg billett.