På øya Reksta rett vest for Florø ligg Rognaldsvåg. Fiskeværet har ein sjeldan bygningsmasse med våningshus, naust og buer. Staden har to hamner med ein særprega kanal i mellom, der sjøhusa står tett i tett. Rognaldsvågen er rik på atmosfære og kulturminne som gravplassar og hustufter frå vikingtida. Med storhavet som nærmaste nabo er utgangspunktet for naturbaserte fritidsaktivitetar det beste. Her finn du aktivitetar som sportsdykking, windsurfing, sykling, fiske og turgåing. Ein fottur over Reksta frå aust til vest er ei flott oppleving, du kan enten gå over fjella, eller gå langs Sunnivaleia langs sjøen. Det er butikk på kaia der du kan få kjøpt det du treng til turen. 

 

Kontakt

Adresse:
  • 6900
  • Kinn
Telefon:
+47 57 74 30 00
E-post:
mail@fjordkysten.no
Nettside:
reksta.origo.no/

Hvor er Rognaldsvåg?