Hopp til hovedinnhold

Rønnstadhellaren er lokalisert ved Hellershammaren i Rået 56 m.o.h. Den er namngitt etter den næraste gården, Rønstad. Inngangen er trekant-forma og ser ut til å vere oppmurt av stein ein gong i tida. Den har tidlegare vore brukt som sommerfjøs for husdyr.

Biskop Jacob Neumann besøkte hellaren under ein bispevisitas. Den blei i 1870-årene undersøkt av geologen Hans Reusch.

Arkeologiske utgravningar har avdekka eit kulturlag av skjell og dyrebein blanda med neverstykke. Det er også avdekka ein ildstad. I nærheita av dette blei det funnet ein forseggjort beinkam av konservator Anders Lorange i 1878 som er datert til tida 200 e. Kr. Denne kammen er i dag oppbevart i Bergen Museum. Han bemerka at oppholdet i hellaren har vore kortvarig.

Kontakt

Adresse:
  • 6292 Kjerstad
Telefon:
E-post:
Nettside:

Fasiliteter

Barnevennlig:
Sesong:
  • Høst
  • Sommer
  • Vinter
  • Vår

Hvor er Rønstadhellaren?