Rørvikfloten ligg i krysset mellom Viksdalen, Haukedalen og oppstigninga til Rørvikfjellet. Nasjonal Turistveg Gaularfjellet går dermed like forbi vårt lokale. 

Lokalet vi held til i var tidlegare ein Nærbutikk, men er no gjort om til kombinert butikk, kiosk og kafé i sommarhalvåret, og drivast av den same familien den dag i dag. 

Vi kan tilby god kaffi, heimebakst, vaflar, kaker, toast og panini i tillegg til snop, brus, småis og kuleis. På fine sommardagar kan ein sitte ute og få servert mat og drikke, samtidig som ein nyter den flotte utsikta utover Haukedalsvatnet. Vi har sitteplassar både inne og ute. Her er også gratis Wi-Fi.

Vi har også ei fin avdeling med interiør- og gåveartiklar, samt garn, husflidsvarer, ukeblad, suvenirar og fiskeutstyr. Fiskekort og turkart får ein også kjøpt her. I tillegg til dette har vi også eit utval av enkelte daglegvarer og hushaldningsartiklar. 

Rørvikfloten både er og ynskjer å vere ein sosial møteplass, der vi prøver å skape ei lun og god atmosfære i koselege lokale og rolege omgjevnadar. Open kvar dag i perioden 15. juni – 15. august, også søndagar. Vår og haust har vi ope enkelte laurdagar og søndagar. Følg oss på Facebook, der vi jamleg oppdaterer.

  • Facebook logo

Kontakt

Adresse:
  • 6818 HAUKEDALEN
Telefon:
E-post:
Nettside:

Hvor er Rørvikfloten?