Saurdal er eit lett og tilgjengeleg område med ulike turalternativ. Innover dalen langs elva er det fuktig myrlandskap medan det er tørrare langs eggane rundt dalen. For val av turar i Saurdalen, spør om råd på turistkontoret. Gode råd: Tilkomst:. Kjør/sykle/ gå langs rv 55 mot Kvamsøy/ Høyanger ta av mot Saurdalen(skilta) ca 7 km vest frå Balestrand, ein god skogsveg slynger seg ca 7 km oppover fjellet og ender opp i ein parkeringsplass ved 620 m.o.h.

Praktisk informasjon

 

 Startpunkt:                       Ved infotavla i Saurdal (Euref- koordinat:  x518190 y365640)

 

Sluttpunkt:                        Ved infotavla ved Kreklingen (Euref- koordinat:  x678820 y366988)

 

Parkering:                           Ved enden av Saurdalsvegen

 

Tilkomst:                             Saurdal ligg 14  km frå sentrum, først ca 7 km  langs rv 55 før du svingar av mot Saurdal og fortset i ca 7 km oppover

 

Merking:                             Stien er merka med skilt og raud T på steinar og tre

 

Kilometer:                          12 km ein veg

 

Gradering:                         Tung

 

Høgdeskilnad:                  620-1136-80 moh

 

Berekna tidsbruk:            7 timar (gangtid ein veg)

Turen startar ved infotavla i Saurdal, ved enden av Saurdalsvegen. Stien går på ei moderat til lett rute gjennom fjelldalar, vassdrag og til fjelltoppar

Heile ruta er godt merka med raude merke på kvite steinvardar. Først går stien langs rute 5 mot Munkeggi (nb, ikkje ta av mot Hanevikelvi) til ein møter skilt mot Hanevikstølen. Frå skiltet tek ein inn på den gamle stølsvegen innover Saurdal.

I utløpet av Målsnesvatnet fortsett stien over brua og mot Hanevikstølen, ein støl som var i drift fram til 1955.

Vidare frå stølen fyl ein stien oppover mot fjellplatået mellom Storevarden og Bukkaberg. Her kan ein velje å ta ein avstikkar opp til Storavarden.

I Fagradalen møter ein rute 9 som tek deg vidare til Spenane (1136 moh) og Raudmelen, og derfrå vidare på rute 7 ned til Balestrand

Ein kan sjølvsagt også velje å gå attende til Saurdal

Heile vassdraget i Saurdal, med vatn, stryk og elvar,  er svært godt eigna for stangfiske. Særskilt i Oddmundsvatn har aurebestanden blomstra opp dei siste åra.

Gode Råd: I Saurdal og under Raudmelen kan det vere noko våtlendt så ta gjerne med gode sko og eventuet sko/sokkeskift. Turkart kan ein få kjøpt på Turistkontoret. 

 

Komme seg til Balestrand: 

For å kome seg til Balestrand kan ein nytte ekspressbuss frå Oslo, Trondheim eller Bergen, ekspressbåt frå Bergen eller med privatbil Dersom du kjører personbil kjem du til Balestrand via E39 og rv55 frå Bergen og Trondheim, Via E16 og rv55 frå Oslo 

 

Kontakt

Adresse:
  • Saurdal
  • 6898 Balestrand
Telefon:
57691255
E-post:
info@sognefjord.no
Nettside:
ut.no/turforslag/114988/fra-saurdal-til-balestrand-over-spenane

Fasiliteter

Vanskelighetsgrad:
  • Middels (blå)

Hvor er Vandring Saurdal - Balestrand?

Fjord Norways sekundærlogo