Bestill

Sist ho sku vitja oss var under pandemien, den konserten vart desverre avlyst. No er me tilbake for full musikk og me lovar dykk ein fantastisk konsert på bryggekanten. Sigrid Moldestad har denne gong heile bandet med seg, dette blir ein kveld som kjem til å rissa seg inn i minneboka for alltid.


"Sigrid Moldestad er ein av Norges fremste artistar innan folk, vise -og
tradisjonsmusikk. Ho har eit sterkt fortellerhjarte og ei eiga evne til å berøre publikum
anten det er med leikfull kraft eller melankoli og sjølvskrivne viser og tekstar. Ho vaks
opp i den vesle bygda Breim, Nordfjord og vart tidlig introdusert for felemusikken. Ho
har studert folkemusikk ved Ole Bull Akademiet på Voss og har fordjupa seg i
tradisjonen frå sitt heimområde. Det er også denne musikken som er inspirasjon og
rot i mykje av det ho skapar sjølv.
Sigrid har gjeve ut fleire plater, både i samarbeid med andre og som soloartist. 5
plater har vore i eige namn. Med platene «Taus», «Sandkorn», «Himlen har sove
bort mørkret» og «Brevet til kjærleiken» har ho sidan 2007 plassert seg langt inn i
den norske folkesjela. Sigrud held mykje konsertar med både band og mindre
besetningar. Ho har motteke 2 Spellemannsprisar og ei rekkje andre utmerkingar.


Sigrid Moldestad gav ut albumet «Vere her» hausten 2017 og fekk strålande
platemeldingar landet rundt! Albumet er Sigrid Moldestad sitt 5 album og markerte
hennar 10 år som soloartist. Plata fekk mellom anna ei sterk melding i Aftenposten:
“No er det på tide at denne artisten blir allemannseie”. Bergens Tidende tok fram
bandet: “..kvalitetstungt band som briljerer i all sin måteholdenhet”. I bladet “Viser”
skriv meldaren at han “sjeldan har hatt ein klårare femmar i spelaren sin”. Plata fekk
terningkast 5 jamt over, både i NRK P1, Bergensavisen, Dagsavisen, Hamar
Arbeiderblad med fleire. Plata er produsert av Yngve Leidulf Sætre."


Lokale: Utekonsert, benker og stoler. Kle dykk etter veret.
Konsertstart: 18:00
Bestill bord føre eller etter konserten: https://www.mandelhuset.no/booking
Pris: 450,- (+ billettavgift.)

Kontakt

Adresse:
  • Hegglandsvegen 4
  • 5680 Tysnes
Telefon:
53432100
E-post:
booking@mandelhuset.no
Nettside:

Hvor er Sigrid Moldestad - Utekonsert på Mandelhuset?