Bli med på første versjon av Sildadagane 3-5 juni 2022. Festivalen ønskjer å få besøk av båtar/fiskebåtar frå fleire tidsepoker, slik at publikum kan få anledning til å sjå, gå ombord, og få lære om korleis utviklinga og levevilkåra for fiskare har vert opp gjennom tidene.
Silda
Formålet med feiringa er å få løfte fram Silda sin rikhaldige fiskerihistorie. Bli kjent med korleis det lille samfunnet på Silda fungerte. For fiskarene som va borte i lengre periodar, og for korleis livet var for dei som var heime. Silda har blant anna verdas første kvinnelege brannkorps.
På Silda er det knappe 10 fastbuande i dag. På det meste budde det 250. Eit dramatisk forlis blei eit stort tap for dette samfunnet på 1970-talet, og fråflyttinga starta gradvis.
Program
Føredrag om Sildahistorie av Andreas Rundereim
Føredrag om Napolonskrigene og slaget ved Silda av Ørjan Vemmålsvik
Føredraga ligg ute i eit eige arrangement der det er mogleg å tinge billetta gjennom Tikkio.
Basar
Biletegalleri
Ordførar i Stad kommune vil stå for offisiell opning av renovert Statsbrønn frå Napoleonskrigen der også ankeret frå Alladin vil bli plassert
Minimarknad med spennande varer
Det blir anledning for guida tur rundt Kulturstien på øya
Musikkinnslag
Fiskarfest
Vaseløp
Besøk av Nybakk, Haugefisk, Kystkulturlaget i Vågsøy, redningsselskapet med meir.
Kurs i havkajakk og det blir yoga
Vi tar høgde for endringar i programmet, og håpar at det kan bli nokon overraskingar i vente. Velkomen