Bestill

I dette høvet innleia ho eit spennande musikalsk samarbeid med jazzpianist Espen Berg, som blant anna har motteke Moldes Jazzstipend, og vert rekna som ein pianist i verdsklasse. Saman har dei plukka songar frå Silje sin omfattande musikalske katalog, med vakre, nedstrippa versjoner av hennar mest kjende materiale. Her finns mellom anna Be Still My Heart, The Waltz, Japanese Blue og ikkje minst Tell Me Where You’re Going, i tillegg til ein del nytt og spennande materiale frå Silje sitt siste album HOUSES, som kom hausten 2021.

Med sine 18 albumutgivingar har Silje Nergaard turnert verda rundt med musikken sin, og låtane hennar blir stadig covra internasjonalt. Utgivinga At First Light er, med sine over 140.000 selde eksemplarar, Norges mestselgande jazzalbum gjennom tidene.

Duoen inviterer publikum til ei nær, intim og eksklusiv konsertoppleving der dei tek med lytteren inn i historiene bak låtane sitt opphav. Espen sitt dynamiske og leikne pianospel gjer at Silje si vakre og særeigne stemme verkeleg får skinne i dette nydelege musikalske samspelet. Duoen gir deg ei konsertoppleving som er rein balsam for øyrer, hjarte og sjel.

Visninger

Storfjord kulturhus
22. oktober:
19:00

Kontakt

Adresse:
  • Øyna 1, Stranda
  • 6201
Telefon:
E-post:
Nettside:

Hvor er Silje Nergård med Espen Berg //Storfjord?