Det går fleire ruter til toppen av Skålefjellet, og fjellet er lett tilgjengeleg både frå aust, sør og vest. Skålfjellet ligg rett søraust for Stongfjorden, bygda som hadde den første aluminiumsindustrien i Norden.  

TURBESKRIVELSE 

Den mest brukte ruta går frå Stongfjorden. Her går ein forbi fotballbana og opp skogsvegen mot søraust. Ein følgjer T-merkt rute mot Nipebu heile vegen opp Gjerdedalen. Opp lia går stien dels kupert og noko bratt gjennom småskogen til ein kjem forbi skoggrensa. Her møter ein på den eine av to elvar som kjem frå området kring toppen av Skålefjellet. Den første elva kan vere ganske turrlagd i godvêr, medan elva ovanfor alltid har vassføring. Viss ein treng ein kvil, bør ein leggje den til denne andre elva, for her har ein god utsikt vestover mot havet. Rett ovanfor den andre elva tek ein av frå den merkte løypa og går opp skaret på venstre sida, austover. Over kanten på skaret tek ein att elva og følgjer ganske enkelt nordsida av den opp til det vesle Skålefjellsvatnet. Vegen vidare opp seier seg sjølv. Frå den T-merkte stien og opp til Skålefjellet er det godt varda.

Det er også alternative ruter frå Osland og Holmedal, sjå boka "Opptur Sogn og Fjordane" eller ut.no for turbeskrivelser.

God tur! 

 

Henta frå Opptur Sogn og Fjordane 

Kontakt

Adresse:
  • 6984 Stongfjorden
Telefon:
E-post:
Nettside:
ut.no

Hvor er Skålefjellet?