Med den gode, ferske mjølka frå kyrne på Skarbø, vert det ysta smakfulle, prisvinnande ostar. Mjølka er upasteurisert, og osten får dermed ein heilt unik aroma som speglar den frodige naturen.

Sideren og eplemosten vert laga av saftige eple frå eigen frukthage og hagane til kjekke naboar. Den friske og perlande drikken har hausta lovord frå mange hald. Vil du smake?

Velkomen til gardsbutikken, som du finn i kjellaren på våningshuset i tunet. Ost frå Skarbø Gard kan du også finne på sommarbutikken på Skinkerådhuset i Stranda sentrum.

Ynskjer du å prøve sidrane kombinert med dei beste skinkene og ostane frå Stranda, kan du vere med på sidersmaking med Strandatapas kvar onsdag og fredag kveld heile sommaren på Skinkerådhuset.

Elles kan Skarbø Gard ta imot grupper til omvising, smaking og servering etter avtale.

...

Sidersmaking med Strandatapas

Sommarbutikk med lokalmat frå Stranda

Gardsbutikken

  • Facebook logo
  • Instagram logo

Kontakt

Adresse:
  • Bygdavegen 335
  • 6200 STRANDA
Telefon:
+47 907 81 881
E-post:
post@skarbogard.no
Nettside:
www.skarbogard.no

Fasiliteter

Toalett:

Hvor er Skarbø Gard?