Øya Skorpa er ei grøn og vakker øy i skjergarden utanfor Florø. Sjølv om Skorpa er prega av stein og fjell, så finn ein òg store områder med skog. I skogadalen på nordsida av øya ligg eit felt med furuskog, som etter det ein veit, er den vestlegaste som veks her i landet. Ved vatnet på Sør-Skorpa er det laga til badestrand. Her kan ein også låne kano og redningsvestar. Tek ein turen opp på toppen av Blåkollen, 392 m.o.h., har ein ei fantastisk utsikt i alle himmelretningar, og her får ein bokstaveleg talt "sjå ned" på resten av øyriket.
Vandring
Skorpa
Besøk øya Skorpa i Florø-skjergarden. Her er det eit flott turterreng, både langs sjøen og opp på fjellet Blåkollen.
Kinn
Kontakt
- Adresse:
- 6918 Sør-Skorpa
- Telefon:
- +47 57 74 30 00
- E-post:
- mail@fjordkysten.no
- Nettside:
- www.fjordkysten.no