Gardsbutikken på Sogn Jord- og Hagebruksskule har eit godt utval av eigenproduserte økologiske varer, som grønsaker og urter, frukt, lammekjøt, yoghurt, fleire typar ost, heimelaga brød og blomar frå eige gartneri. I tillegg sel butikken lokalproduserte varer og økologiske tekstilar, helse-kost og bøker. 

I ysteriet på skulen vert det mellom anna produsert ferskost, yoghurt, kvitost, gamalost og rømme. Me har også foredla mjølkeprodukt frå Rallarrosa Stølsysteri, fellesstølen der skulen sine geiter er om sommaren.

Økologiske bomullskle med SJH-logo, ein rekkje bøker og kontorrekvisita har me alltid inne. Og du finn flotte, bærekraftige gåveartiklar hjå oss – til dømes leiker, hageutstyr og eit stort utval økologiske velværeprodukt.

Kontakt

Adresse:
  • Skulevegen 24
  • 5745
  • Aurland
Telefon:
94250555
E-post:
sjh@vlfk.no
Nettside:
www.sjh.no

Hvor er Sogn Jord- og Hagebruksskule?