Opplev Sognefjorden på den beste måten - frå sykkelsetet!

Leig ein hybrid sykkel hjå Fjord Cycling og sykle langs fjorden eller i ein av dei vakre dalane omgitt av majestetiske fjell, isbrear og buldrande fosser.

Du syklar på ein sporty Scott sub cross hybrid sykkel som fungerer godt både på asfaltdekke og grusveg. Syklane blir jevnlig og godt vedlikehaldne og har 24 gir og hydrauliske skivebremser for sikker bremsing under alle værforhold.

Fjord Cycling tilbyr hybridsyklar i forskjellige størrelsar og du får utlevert ein sykkel som passar din høgde med bagasjebrett, støtte, lys, og lås. Hjelm og refleksvest er inkludert.

Syklane er stasjonert ved Marifjøra (ca 25 minuttar frå Sogndal), du kan hente sykkelen hjå oss eller me leverer sykkelen der du er. Minimum fraktkostnad kr 500,- for levering og henting avhengig av utlevering og hentestad.

Fjord Cycling er lokalkjende og kan anbefale dei beste rutene.

Ta kontakt for eit tilbud på din sykkeltur langs Sognefjorden. post@fjordcycling.no www.fjordcycling.no

Prisar for sykkelleige:

Minimum leigetid; ein dag kr 400,- pr dag.

Utlevering og henting av sykkel: Frå kr 500,-

Leige av vanntette sykkelvesker kr 50,- pr sykkelveske.

  • Facebook logo

Kontakt

Adresse:
  • Sogndalsfjøra
  • 6856 SOGNDAL
Telefon:
98885415
E-post:
post@fjordcycling.no
Nettside:
www.fjordcycling.no

Hvor er Sogndal Sykkelutleige?