Frå dei grøne engene og det frodige kulturlandskapet i Bøverdalen kan du ane dei mektige fjella i det fjerne, og langsamt stig vegen opp gjennom dalen. Her kjem ein tett inn på den majestetiske naturen i Jotunheimen Nasjonalpark. Det er i tillegg utvikla ei matrute over Sognefjellet.

Sognefjellsvegen strekkjer seg altså frå Sognefjorden i vest til Gudbrandsdalen i aust, og mange kallar dette den verkelege porten til Jotunheimen. Her finn du eit fantastisk utval av dei flottaste og mest minnerike opplevelsane du kan tenkje deg. 

Langs vegen ligg utsiktspunkta og ventar på at du skal ta ein pause og verkeleg la naturen synke inn. På Mefjellet rasteplass finn vi Knut Wolds steinskulptur som lar oss sjå fjellandskapet på ein annen måte. På vegen vidare ned mot Sognefjorden viser fjellheimen seg fra si villaste side. Der Hurrungane kneiser mot himmelen slepp fjellet plutseleg taket og landskapet endrar seg igjen. Ut mot Gaupne, som er endepunktet på strekninga, går vegen heilt nede langs den vakre Sognefjorden der det klare vatnet endrar seg fra grønt til blått etter lys og ver. Vegen er vinterstengt, men plar opne rundt 1.mai. Informasjon om når vegen er open finn du på www.vegvesen.no 

  • Trip Advisor logo

Kontakt

Adresse:
  • Sognefjellsvegen 7685
  • 6877 Fortun
Telefon:
22073000
E-post:
per.ritzler@vegvesen.no
Nettside:
www.nasjonaleturistveger.no/no/turistvegene/sognefjellet

Hvor er Nasjonal turistveg Sognefjellet?