Bestill

«Solaris korrigert» av Øyvind Rimbereid vart oppført som fullskala teaterframsyning på Det Norske Teatrets Hovudscene hausten 2015/våren 16 og hausta panegyriske kritikkar og fleire Hedda-prisar – mellom anna for musikken til Sjur Miljeteig, og Ane Dahl Torps tolking av hovudpersonen «Aig». Framsyninga vart dessutan kåra til «Årets forestilling» av Heddajuryen, og var nominert til Musikkteaterprisen.
I denne konsertversjonen får Miljeteigs musikk og sjølve teksten ein enno større plass.

Øyvind Rimbereids langdikt stiller eksistensielle, samfunnsmessige og økokritiske spørsmål og er skrive på eit språk som er ein hybrid av stavangerdialekt, skotsk, engelsk, nederlandsk, dansk og gamalnorsk – kanskje eit resultat av fleirnasjonale samarbeid i oljeindustrien. Diktet har utmerka seg ved å setje det norske oljeeventyret på den poetiske dagsordenen, har hausta Kritikarprisen og er innlemma i Noregs litterære kanon.

Kontakt

Adresse:
Telefon:
51 91 90 90
E-post:
billettsalg@rogaland-teater.no
Nettside:
rogaland-teater.no/forestillinger/solaris-korrigert/

Fasiliteter

Parkering:
Tilrettelagt for bevegelseshemmede:
Alkoholservering:
Matservering:

Hvor er Solaris Korrigert?