Bestill

Det var Fosnavåg konserthus som inviterte Siril Malmedal Hauge med band til å sette saman ein tributekonsert til denne dama som fyller 80 år i november. I tillegg blei duoen "Roses for Joni" frå Italia og Christina Friis-Nielsen frå Danmark invitert.

I Fosnavåg konserthus har dei jobba med prosjektet ei tid og har kome fram til ei form og eit innhald som kan bli spektakulært og mektig. Det blir også ei solid lokal forankring, frå Fosnavåg skal både Vegard Kvamme Holum, Emma Sævik og koret Tolvtetten bidra til det. Det er også sett saman eit stort orkester med strykarar og blåsarar på 12 personar

Siril Malmedal Hauge frå Langevåg, men busett i Oslo har med seg Kjetil Mulelid på piano, Martin Morland på bass, Henrik Lødøen på trommer, Martin Myhre Olsen på sax og Torgeir Hovden Standal på gitar. Orkesteret, som har fått namnet "Wild Things Run Fast-orkesteret" er samansett av Ålesund strykekvartett i tillegg til instrumentalistar på trompet, horn, tuba, trombone, fløyte, obo, klarinett, perkusjon og harpe.

Magnus Murphy Joelson skal skrive arrangement for kor og orkester og skal vere orkesterleiar.
Konferansier blir Michael Pavelich frå operaen på Nordfjordeid. Han har også lova at han vil synge sin Joni Mitchell-favoritt.

Konsertane er støtta av: Sparebanken Møre, Sparebanken Søre Sunnmøre, Havila, REM, Olympic kulturfond samt Møre og Romsdal fylkeskommune og Kulturrådet

Visninger

Parken kulturhus (Ålesund)
12. mai:
19:00

Kontakt

Adresse:
  • Parkgata 3B
  • 6002 Ålesund
Telefon:
+47 70 16 24 68
E-post:
billett@alesund.kommune.no
Nettside:
parkenkulturhus.no/Kalender/CalendarEvent.aspx?Id=1740&MId1=18387

Fasiliteter

Tilrettelagt for bevegelseshemmede:

Hvor er Songar av Joni - ein hyllest til Joni Mitchell // Parken kulturhus i Ålesund?

Fjord Norways sekundærlogo