Bestill

3. - 6. juni 2022. Fotefar temareiser vil gjerne invitere deg til temadagar om historia til språket vårt på ærverdige Kviknes Hotel i Balestrand ved Sognefjorden. I foredraga sine inviterer Sylfest Lomheim oss med på ei reise tilbake til opphavet til språket vårt. Reisa startar med røtene til språket som kom frå Afrika via Midtausten til Europa og Norge. Her i landet gjekk språkutvikling gradvis frå urnordisk over til å bli norrønt, språket som vikingane tok med seg ut i Europa, og fram til i dag der dagens norsk meir og meir er prega av engelsk. Lomheim viser korleis samfunnsutviklinga har påverka språket vårt opp gjennom historia. I den siste forelesinga peiker han på dei utfordringane språket vårt møter i ei globalisert verd, der det i snitt døyr eit språk annankvar veke.

På turen kan ein også få med seg historisk vandring til drakestils villaene i Balestrand, tur til Raudmelen, dagsutflukt til Sylfest Lomheim sitt barndomsrike i indre Sogn og Sidersmaking på Ciderhuset.

Kontakt

Adresse:
  • Kviknevegen 8
  • 6899 Balestrand
Telefon:
91820304
E-post:
post@fotefartemareiser.no
Nettside:

Hvor er Språkreisa – norsk gjennom to tusen år med Sylfest Lomheim?