I Norddal kommune er det 163,3 km² med statsallmenning som det vert seld fiskekort for. Statsallmenningen ligg i Valldals- og Tafjordfjella. Det er høgareliggjande område frå 1000 til 1999 moh., og omfattar 15 vatn og fleire elvar. Fiskekort i statsallmenningen kan med fordel løysast saman med private kort, særleg for områda i øvre Valldal, som Øvstestølen og Tjønne-Steindalen. Her stikk statsallmenningen inn som "fingrar", og ved å løyse fiskekort også for statsallmenningen kan ein leggje opp mange interessante fisketurar.

Kortsal:
Fortrinnsvis online her:
https://www.inatur.no/fiske/52e7abe6e4b0943bb521df0c/fiske-norddal-statsallmenning

eller hos
- Lars Grønningsæter +47 70 25 86 50
- Odd Langdal +47 70 25 86 22
- Arne Hoel +47 70 25 86 54

Priser

Fra:
NOK 400

Kontakt

Adresse:
  • 6214 NORDDAL
Telefon:
95 24 50 26
E-post:
Nettside:

Hvor er Statsalmenningen, Norddal?