Steinparken, eit av besøksmåla til Folgefonna Nasjonalpark, er fin for store og små. Mellom steinblokker, bearbeida av skulptøren Bård Breivik og steinhoggaren Rolf Karlsen, er det rasteplassar, vasshjul og segledammar. Her er forteljingar om livet på jorda, klimaendringar og fossilar. 

Parken ligg sentralt i Rosendal og er heilårsopen. Gratis inngang!

I Steinparken finn du og det nye, flotte Dinosaurhuset. Her kan du sjå ekte våpen og reiskap etter dei første menneska ved Hardangerfjorden. Visste du at fuglane er etterkomarar av dinosaurar? Her kan du lære å kjenna att meir enn 20 ulike fuglesongar. Sjå heimeside for pris og opningstider til Dinosaurhuset.

Kontakt

Adresse:
  • Kyrkjevegen 128
  • 5470 Rosendal
Telefon:
E-post:
post@rosendalstiftinga.no
Nettside:
www.rosendalstiftinga.no/steinparken/

Hvor er Steinparken?