Bestill

I 2021 feirar han ti år som soloartist og i 2022 er han klar med bok. Boka har fått namnet, Strengar av ord, og no vil ein konsert med Stig Ulv innehalde musikk, opplesing og bilete.

Stig Ulv er ein sta strengeinstrumentalist med underfundig humor som leikar seg gjennom sine møte med publikum. I 2021 feirar han ti år som soloartist og i 2022 er han klar med bok. Boka har fått namnet, Strengar av ord, og no vil ein konsert med Stig Ulv innehalde musikk, opplesing og bilete.
Gitaristen frå Ørsta har sakte, men sikkert tileigna seg eit stort publikum rundt om i landet. Han har pakka koffertane med instrumenta i bilen, og køyrt tusenvis av mil for å møte dei som har trengt ei pause frå kvardagen. Alle dei som helst vil lukke auga, vende blikket innover og ta med seg musikken til Stig Ulv på reisa.

Han har sjølv laga melodien med det treffande namnet "Strengetonar". Det er øvinga han har blitt ein einar i. Fingrane flyg ikkje over gripebrettet for å imponere, men for å fange stemningane i den vestlandske naturen, i sorg og melankoli.

Men ei konsertoppleving med Stig Ulv byr også på latter og i blant latterkrampe. Han kommuniserer direkte med sine tilhøyrar gjennom sjølvironiske anekdotar. Han tar ikkje seg sjølv alvorleg – men tilhengjarane tar absolutt Stig Ulv seriøst. Tekstane på melodiane inneheld både humor og alvor,men Stig Ulv sin sigantur vil du finne i både tekst og musikk.

Visninger

Ingebrigt Davik-huset (Brattvåg)
28. april:
20:00

Kontakt

Adresse:
  • Bernt Hildrevegen 2
  • 6270 Brattvåg
Telefon:
+47 995 06 270
E-post:
post@idhuset.no
Nettside:
idhuset.no/stig-ulv-cw2r6n/

Fasiliteter

Parkering:
Tilrettelagt for bevegelseshemmede:

Hvor er Stig Ulv: Strengetonar // Ingebrigt Davik-huset i Brattvåg?

Fjord Norways sekundærlogo