Sjå slaget mellom Kongshirden 1260 frå Bergen og Bispeliden frå Trondheim, tungt rusta krigarar som kjempar om makt og ære. La deg rive med i teaterframsyninga om kjærleiken på Giske.

Ta del i herleg gjøgleri og glad mellomaldermusikk. Kle deg i vakre mellomalderkjolar og kyss ein frosk på prinsesseskulen. Lær kampteknikk og riddermanerar på ridderskulen.

Spenn opp, dra til og skyt med pil og boge, test ut katapulten, prøv deg i mellomaldersmia eller lær å garve skinn. Dei aller minste kan kjenne kriblinga i magen i mellomalderkarusellen.

Spel mølle og bondesjakk med KJEMPESTORE brikkar, ta eit avbrekk i gapestokken eller lær deg kunsten å farge garn. For den ekstra tålmodige - skriv med blekk og fjærpenn på skriveskulen.

Høyr engasjerande foredrag! Om den spanande falkoneringa i området og om pesten sitt inntog i Noreg – og Borgund.

Festivalprogram
Følg oss på Facebook og Instagram for oppdateringar undervegs. Del og nemn oss gjerne @sunnmøremuseum

Detaljert program vert publisert nærmare festivaltida!

Velkomen til feiande flotte festivaldagar!

Visninger

Sunnmøre Museum (Ålesund)
04. juni:
12:00

Priser

Vaksen:
NOK 150
Born (3-18):
NOK 100

Kontakt

Adresse:
  • Borgundgavlen 21
  • 6015 Ålesund
Telefon:
+47 988 93 947
E-post:
heidi@vitimusea.no
Nettside:
www.vitimusea.no/arrangement/middelalderfestival

Fasiliteter

Kafé:
Barnevennlig:
Souvenirer/butikk:
Toalett:

Hvor er Sunnmøre Middelalderfestival i Borgundgavlen?