Bestill

International Festival Ballet presenterar den berømte ballett klassikaren;
"Svanesjøen".

Kunstnerisk leiar Alex Bogutsky

Sjokkert og påverka av Russlands krig med umenneskeleg aggresjon mot Ukraina, endra det berømte ballett kompaniet namnet sitt frå St. Petersburg Festival Ballet til International Festival Ballet.

Med denne endringa uttrykker kunstnarane sin krystallklare posisjon. International Festival Ballet er ein internasjonal ballett som tenker utanfor landegrensene og representerer forståing og sameksistens i kunst, musikk og dans. Sidan starten av krigen har kunstnarane uttrykt sin posisjon mot russisk aggresjon ved ei rekke protestaksjoner før kvar av deira framsyningar. Derfor er dei no også trua av Russland. Teamet, som også inkluderer eit stort tal ukrainske dansarar, ser naturlegvis på seg sjølv som ein ballett av fred og samhørighet mellom alle menneske.

Kunstnarisk representerer ballett den russiske skulen for klassisk ballett i si reinaste form. Streng eleganse kombinert med moderne og 21. århundre påverknader, det vil sei ein førsteklasses danseframsyning - alt dette kombinert med fantastiske kostymer og overdådige scene produksjonar.

Dei udødelege ballettklassikarane av Pyotr I. Tchaikovskys er kjent over heile verda og sluttar aldri å fortrylle folk i alle aldrar. Alle kjenner den romantiske historia frå "Svanesjøen" som inneheld den kvite og den svarte svana og har blitt synonymt med elegansen til klassisk ballett på høgaste nivå.

Svanesjøen

Svanesjøen er ein av dei aller mest populære ballettane i verda. Eit komplett kunstverk, med nydeleg musikk og djupt rørande historie.

Svanesjøen fortel historia om prinsesse Odette som gjennom ei ond forbanning er forvandla til ei kvit svane. På jakt oppdagar prins Siegfrid den fantastiske svana, og medan han siktar på ho, forvandlar svana seg til ei vakker kvinne. Odette fortel prinsen at ho er ei prinsesse underlagt ond trolldom. På dagtid må ho symje som svane i ein sjø full av tårer, om natta får ho lov til å vere menneske. Trolldomen kan berre brytast viss ein prins lovar evig truskap til svaneprinsessa. Viss prins Siegfrid sviktar Odette, må ho vere svane for alltid. Prinsen blir forelska i Odette, men ein ny ond trolldom fører til at han frir til ei anna kvinne. Prinsesse Odette truar med å ta livet av seg, og kastar seg i sjøen. Full av sorg følgjer prinsen etter.

Balletten er forteljinga om ekte kjærleik som erobrar alt. Om forvandling og trolldom, truskap og svik, svart mot kvitt.

Svanesjøen hadde urpremiere med Václav Reisinger sin koreografi i Moskva i 1877. Marius Petipa og Lev Ivanov laga ny koreografi til oppføringa i St. Petersburg i 1895, ein versjon som førte til at Svanesjøen er den aller mest populære av dei romantiske, klassiske ballettane.

Framifrå solistar og dansarar, fabelaktig scenografi og kostyme kombinert med storslått lyssetting ventar publikum.

Tchaikovsky sin nydelege musikk er innspelt av Hungary Festival Orchestra på førehand, og blir avspelt via lydanlegget i Storsalen.

International Festival Ballet (tidlegare St. Petersburg Festival Ballet) med kunstnarisk leiar Alexander Abaturov, vart skipa i 2009 for å presentere tradisjonane og sjela til St. Petersburg-balletten. Mange av aktørane i ensemblet er rekruttert frå The Vaganova School i St. Petersburg, og truppen har gjort stor suksess på turné over heile Europa.

Arrangør er Ovation Events!

Uttale frå kompaniet 8. mars:

"We are Russian ballet, but we are an international team, in which there are many citizens of Ukraine and other countries. We are one family and what is happening now in Ukraine hurts and horrifies us! We are against war!

On the day the war started on 24.02, our whole band took to the stage in Lyon (FR) and made an anti-war statement https://www.youtube.com/watch?v=STlCRZmrKho.

Since then, before every show we declare a moment of silence and play the Ukrainian anthem as a sign of solidarity. Since then we have decided to drop the name St Petersburg Festival Ballet. This city is no longer a city of great Russian culture, but the home of a bloody dictator. We are now the International Festival Ballet. Please use this name in the future."

Framsyninga byrjar kl 19.00 og varer i om lag to timar inkludert pause!

Priser

BARN u15:
NOK 400
Følgjekort:
Gratis
Danseverkstaden, DUG:
NOK 325
Student :
NOK 400
Ordinær:
NOK 600
Kulturkort Førdestudent:
NOK 300

Kontakt

Adresse:
  • Angedalsvegen 5
  • 6802
Telefon:
57 72 19 00
E-post:
kultur@sunnfjord.kommune.no
Nettside:
fordehuset.no/svanesjoen-international-festival-ballet-sa8s3m/

Hvor er Svanesjøen - International Festival Ballet?

Fjord Norways sekundærlogo