Svanøy er den sørlegaste, og frodigaste øya i Kinn kommune. Svanøy si historie er mangfaldig og går langt attende i tida. I forrige århundre var øya det viktigaste senteret i regionen, med stor aktivitet på eksport og skipsfart. Over 100 mann arbeidde i kopargruvene, "haugianarane" var storprodusentar av salt, her vart det bygd skip og drive storgard. Her finn ein også eit steinkors reist til ære for heilage Olav, og ein offerplass frå vikingtida. Namnet Svanøy har øya fått etter biskop Hans Svane som eigde Svanøy Hovedgaard 1662-85. I dag har øya rundt 100 innbyggjarar, og lakseoppdrett er ei næring som dannar livsgrunnlag på Svanøy. Her finn du daglegvare, gjestehamn, Norsk Hjortesenter, Svanøy Hovedgård og røykeri med sal av eigenprodusert røykelaks i ulike smaksvariantar. Ypparlege sykkelvegar - sykkel leiger du på kaia!

Kontakt

Adresse:
  • 6914 SVANØYBUKT
Telefon:
+47 57 75 21 80
E-post:
johan@svanoy.com
Nettside:
www.svanoy.com

Hvor er Svanøy?