Bestill

3 dagars sykkeltur med start i Bergen inkludert leige av syklar

Sykkelweekend frå Bergen til øyperlene Austevoll og Tysnes i Sunnhordland.

Opplev denne fantastiske kystlinja frå sykkelsetet. Pakken er ferdig sett saman for deg med sykkelleige, overnattingar og måltid i verdsklasse.

Weekendturen startar i Bergen der syklar & kart vert utleverte frå Bike the Fjords.

Bagasje med unntak av ein liten ryggsekk blir teken hand om og transportert rundt i bil til dei ulike stadene.

Oppmøte kl. 10:00 på Bergen Børs.

Første etappe går mot Krokeide via Skjold, Rådal og vakre Fana kyrkje. Rett før fergeleiet inviterer Ostegården på smaksprøvar. Ostegården ligg idyllisk til ved Fanafjorden. Her lvert det camembert og brie etter franske oppskrifter i tillegg til Fanaost og Jønsberg.  

Ferja til Hufthamar og Austevoll går ca. kvar time.

Neste etappe går på godt eigna sykkelvegar. Austevoll kommune har utvikla seg til eit sykkelparadis etter at dei store øyene blei knytt saman med flotte brusamband.   

Me føreslår eit stopp etter 4 km, på Heimalaga på Storebø. Her vert det servert ektefølt mat i trivelege omgjevnader. Vidare kan de sykle på austsida av øya. Denne vegen har lite trafikk og det er som å gå tilbake i tid. Flotte, grøne sletter med imponerande steinmurar er å sjå og villsauen vil nysgjerrig følgje med på kven som susar forbi.

Bekkjarvik Gjestgiveri ønskjer dykk varmt velkommen, og her, i Austevoll si lune hamn, kan de glede dykk til delikatesser frå havet og andre smakfulle opplevingar. Her overnattar de i historiske bygg og omgjevnader i gjestgiveriet som har tatt inn losjerande i over 300 år.

Gjestgiveriet er familiedrive og vertskapet Asta & Øystein Johannessen driv staden sammen med sønnene Ørjan & Arnt. Ørjan blei verdsmester i den prestisjefulle konkurransen Bocuse d'Or i 2015. Tvillingbroren Arnt er blitt kåra til Årets Kjøkkensjef 2014. 

Neste morgon, etter ein solid frukost, er det opp på sykkelen igjen med kurs mot vakre Tysnes og Haaheim Gaard.  

Me føreslår å starte seinast kl11:30 -  me anbefalar å rekke ferja som går frå Husavik kl13:15. Ferja frå Husavik går til Sandvikvåg, på nordspissen av Stord. Deler av ruta frå Sandvikvåg til Jektevik er på E39 på austsida av Stord. Her kan det vere ein del trafikk og me ber dykk om å vere forsiktige.

Me anbefaler at de tar ferja frå Jektevik på Stord til Hodnanes på Tysnes som går kl15:40.

Den siste strekninga på Tysnes frå ferjeleiet til Haaheim Gaard går i eit kupert og variert terreng, både langs kysten og over det frodige innlandet i det særeigne terrenget på øya. Tysnes har ein spennende historie tilbake til jernalder/tidlig bronsealder. Det gamle navnet på Tysnes var Njardarlog, og navnet kom av at dette truleg var guden Njord sitt område. Av dette kjem namnet «Gudeøya Tysnes». Øyen har også truleg vore det religiøse senteret for hordane og for store deler av Vestlandet. Siste del av strekkja syklar de på ferdslevegen i Uggdalsdalen, som ein meiner er ein av dei eldste vegane i Norge. Det er nokre bratte stigningar, men belønninga når de kjem opp i tunet og får sjå den fantastiske utsikten over dalen er formidabel.

På Haaheim Gaard er de komne til ein oase for det gode liv. Her får de oppleve smakar av svunnen tid i restauranten og nyte duften av roser frå hagen gjennom det åpne vinduet på rommet. Neste dag etter frukost trillar de først lett ned bakkane før kursen vert sett mot fergeleiet på Våge.

Her går ferja over til Halhjem og ferjene går her ca. kvar time.

På siste sykkeletappe frå Halhjem til Bergen kan de velje om de vil kjøre via Os sentrum eller halde "høgda" via Ytre Moberg til Ulven, Søfteland og Kalandseidet og vidare mot sentrum.

På Hop ligg vakre Troldhaugen og ein liten pause her er perfekt. Troldhaugen var heimen til Edvard og Nina Grieg. Villaen på Troldhaugen blei ferdigstilt i 1885 og ekteparet Grieg budde her dei siste 22 somrane av Edvard sitt liv. Staden er i dag fylt med interessante minner om Grieg og har sidan 1928, då området blei opna som museum, vore ein valfartsstad for Grieg-elskarar frå alle kantar av verda.

Ankomst Bergen sentrum, Bergen Børs mellom kl.17-19.    

Inkludert i denne pakken er: Sykkelleige Kart med sykkelrute - skildringar Bagasjetransport 2 overnattingar i standard rom 2 buffet frukostar 2 lunsjpakkar To 3-rettars middagar. Drikke til maten er ikkje inkludert. Ostesmaking på Ostegården på Krokeide    

 

Start- & stoppestad: Bergen

Km med sykling pr dag: 45 km

Km med sykling totalt: 135 km

Transport: Leige av sykkel

Inkl. : 2 overnattingar, måltider, sykkelleige  & bagasjetransport. 

Varighet: 2 netter/3 dager

Høgdepunkt: Sykkeltur med mat i verdsklasse 

 

Anbefalingar:

Sykkelturen er er ein medium til hard sykkeltur, på grunn av høgdegradeirngane og lengdene mellom stoppa.  Ein må halde forholdsvis høgt tempo for å nå fram til tidspunkt som passar for middagstider.

Ein bør ha ein god del erfaring med lange sykkelturar.

Det er moleg å leige el- sykkel for ein meir komfortabel sykkeltur for dei som ynskjer det.

Denne turen kan og kombinerast med dei lokale hurtigbåtrutene. Då tar ein med seg sykkel ombord, og får såleis korta ned ruten kraftig. Dette i kombinasjon med el-sykkel kan passe for alle, sjølv dei utan så mykje sykkelerfaring. Forslag er då å ta båt frå Bergen kai til Bekkjarvik. Sykkelturen tar ein då tilbake til Hufthamar - Krokeide, og syklar til via Os til Halhjem der ein tar ferja over til Våge (Tysnes). Derifrå sykler ein til Haaheim Gaard. På retur til Bergen siste dag kan ein sykle til Malkenes og ta hurtigbåt derifrå til Bergen (Bike the fjords will assist with organizing the tour with local passenger boat and bike).

NB! Sjekk at rutetidene stemmer med slik du ynskjer å legge opp turen. Sjå etter Sunnhordlandsruta på www.skyss.no og Hardangerfjordekspressen på www.rodne.no.

Ta med nok mat og drikke!

Ta nok pausar og stopp undervegs.

Fra NOK 7379,00

Kontakt

Adresse:
  • Hotel Bergen Børs, Vågsallmenningen 1, Bergen
  • 5401
  • Stord
Telefon:
E-post:
Nettside:

Hvor er Sykkeldrøm på Vestlandet?