Frå sentrum av Førde by tek denne ruta deg langs sykkelveg til Sunde der du tek av mot Sundsdalen. Her startar stigninga, og nokre tøffe, svingete høgdemeter ventar før du er ferdig med stigningane og landskapet opnar seg opp. Oppe kan du nyte utsynet over Digernesvatnet som ligg fint plassert med utsikt over skogar og fjell før du returnera til Førde.

Dette er ei innhaldsrik sykkelrute der du syklar frå by til land og får oppleve alt frå byliv til urørt natur, stille vatn og opne landskap. Turen startar på gang- og sykkelveg i Førde sentrum. Ved utgangspunktet, i Førde sentrum, ligg fleire serveringsstadar der du starte eller avslutte turen med ein kaffi eller eit betre måltid. I sentrum av Førde ligg også Sogn og Fjordane Kunstmuseum med kunstutstillingar og kafé med takterrasse og utsikt over byen.

Dei første kilometerane går forbi handelsenter, forretningar og bustadfelt, før landskapet gradvis går over i meir spreidd befolkning, store sletter og bratte fjell. Når du tar av frå E39 startar stigninga, og nokre tøffe, svingete høgdemeter ventar. I Sundsdalen får du løn for strevet, for her syklar du gjennom vakkert jordbrukslandskap med gardsliv og dyr som beiter, før det verkeleg opnar seg opp mot Digernesvatnet. Eit stort, nydeleg vatn som ligg plassert mellom skogar og fjell. Her er det godt aurefiske, og ein perfekt stoppestad før du returnera mot byen igjen.

 

Kontakt

Adresse:
  • 6800 FØRDE
Telefon:
+4757721955
E-post:
post@sunnfjord.no
Nettside:
www.sognefjord.no/sunnfjord/

Fasiliteter

Sesong:
  • Høst
  • Vår
  • Sommer

Hvor er Sykkelrute - Førde - Sundsdalen - Førde?

Fjord Norways sekundærlogo