På denne turen syklar du langs Sørsida av Jølstravatnet som byr på idyllisk landskap på lite trafikkert og flat bilveg. Du har utsikt til vakre Jølstravatnet som er blant Nord Europas beste aurefiskevatn på heile turen. Eit stopp på Astruptunet, som ligg flott plassert i bakkane over Jølstravatnet, gjev innblikk i livet og kunsten til Nikolai Astrup (1880–1928).

Jølstraholmen er eit godt utgangspunkt for dei mange attraksjonane og aktivitetane på Vassenden. Det første du gjer på denne ruta, er å krysse den viltre og vakre elva Jølstra. Her er det svært godt aurefiske, og er du heldig ser du ein raftingbåt på veg nedover elva. Om du tek ein liten avstikkar til høgre, finn du ei 9-hols golfbane.

På Vassenden er det vesle gardsbakeriet Erketunet ope fredag og laurdag, og her kan du handle med deg nydeleg bakst til turen.

Sørsida av Jølstravatnet byr på idyllisk landskap, og du syklar no langs eit av Nord-Europas beste aurefiskevatn. Astruptunet ligg flott plassert i bakkane over Jølstravatnet. Her finn du heimen til målaren, teiknaren og grafikaren som er ein av Norges mest kjende nasjonale kunstnarar. Ei unik stemning går gjennom tun og rom, og museet tilbyr omvising i kunstnarheimen. 

På tilbakevegen kan du besøke Jølstramuseet på Vassenden. Her kan du studere kunsten på veggane eller nyte fersk Jølstraaure servert på beste måten.

 

Kontakt

Adresse:
  • 6847
  • Sunnfjord
Telefon:
+4757721955
E-post:
post@sunnfjord.no
Nettside:
www.sognefjord.no/sunnfjord

Hvor er Sykkelrute - Jølstraholmen - Astruptunet - Jølstraholmen?