Dette er ein innhaldsrik og vakker sykkeltur langs Jølstravatnet med besøk i Astruptunet. Turen startar i Skei sentrum, og når du kjem til overgangen mellom Jølstravatnet og Kjøsnesfjorden, anbefaler vi deg eit stopp. Her røyser dei høgaste fjella i Jølster seg, og inst i fjorden kjem også Jostedalsbreen krypande ned mellom fjella. Nikolai Astrup måla fleire av bilda sine herifrå med blant anna Grovanipa som markerer seg i landskapet. 

Vidare syklar du sørsida av Jølstravatnet på lågtrafikkert bilveg. Vatnet er kjent for å vere eit av Nord-Europas beste aurefiskevatn, og du vil truleg sjå ivrige fiskarar langs vatnet.

Astruptunet ligg idyllisk plassert i bakkane over Jølstravatnet. Her finn du heimen til målaren, teiknaren og grafikaren Nikolai Astrup (1880 - 1928), som er ein av Norges mest kjende nasjonale kunstnarar. Ei unik stemning går gjennom tun og rom, og museet tilbyr omvising i kunstnarheimen.

På tilbakevegen får du oppleve turen frå ein ny vinkel, men minst like vakker. I synet har du blant anna dei kjende fjella Orkja, Olahansen og Grovanipa i vakker kombinasjon med Jølstravatnet.

Last ned turbeskrivinga her

Kontakt

Adresse:
  • 6843 SKEI I JØLSTER
Telefon:
+4757721955
E-post:
Nettside:
www.sunnfjord.no

Hvor er Sykkelrute - Skei - Astruptunet - Skei?